Yoga med Marta for vaksne damer på nyrestaurert låve

Dette vart ein opplevelse vi seint vil gløyme: 
Danseyoga, latteryoga og vanleg yoga laurdag 5. okt. 2013 på låven på Juv der vi før hadde tørrhøy, køyrde inn silofor osv. osv.

Marta Eiriksdottir er frå Island og har utdanning frå både Danmark og USA.  Ho har etablert eige Yogasenter på Stårheim og kom til Juv for å gje ein smakebit
på yoga.  Sist vinter hadde ho kurs m.a. i Kjølsdalen der eg var med. 
For meg har det viktigaste vore å lære å puste skikkeleg - i ein hektisk kvardag er det lett å stramme musklar som over tid kan gje smerter.  Yoga kan hjelpe :-)
Kontakt med seg sjølv og energi i fri flyt og glede er andre stikkord eg vil ta fram.
Dette var "sakte tid for moderne menneske" der generasjonar var i lag om ein felles opplevelse med omvisning og kultursmak.

Takk til Marta og dei andre som greip dagen!

Rønnaug