Kultursmak

Juv-sylta er rik på smak, laga av bringbær og gamle eplesortar frå garden Juv etter mor mi Inga Berge si oppskrift.


Djuvsteinar
Vi har tre tre med denne eplesorten som skal ha namnet etter garden Djuvstein på Nordsida av fjorden, men etter det eg kjenner til er dette dei einaste trea som er att. 
Epla eg nydelege å ete og gode i sylte.

Bramley Seedling
Av denne sorten har vi berre to tre att som vi vernar som gull.
Kari Strøfringsdal skriv i boka Fjordamat at dette er dei beste matepla fordi smaken held seg sjølv om epla vert kokte.
Dei store grøne epla er modne ved påsketider.
Sorten kjem frå England.


Juv-safta er laga av bringebær og rips på tradisjonelt vis.
Den er nydeleg til raud saus på riskrem og drikke til risengrynsgrauten. 

Hermetiske bringebær etter ide frå Hennebygda i Nordfjord er sjeldan handverk og ein spennande dessert som skal serverast med piska kremfløyte.


Ferdaminne
frå
Juv og Nordfjord

 Sal:

Gardsbutikk Juv
911 91 575

BakarJon
Byrkjelo

A O Brekke

Stryn

Coop
Nordfjordeid
Førde
Volda
Furene
Ulsteinvik
Fjelli

Spar Jølstraholmen
Vassenden

Meny
Kongsberg