Stabburet
Gardshus - ombygd til lita, intim hytte
i vestnorsk bondestil - med fasinerande utsikt
over landskapet som speglar seg i
fjorden.
Den perfekte stad for å hente nye krefter til ein krevjande kvardag!
Ein bur i fredelege omgjevnader, men likevel nær turmål i verdsklasse som
norges vestlegaste punkt Vestkapp, Briksdalsbreen med hesteskyss og brevandring, Panoramavegen og Kulturløypa på
Ulvedal på andre sida av fjorden, den
berømte Geirangerfjorden, Den gamle Strynefjellsvegen, Jostedalsbreen
Nasjonalparksenter, Bresenteret i Fjærland og Jugendbyen Ålesund.
Stabburet vart bygd i 1954 av Arne Berge for lagring av mat på garden som tørka
kjøt og flesk, sild, flatbrød og kle.
Frukost på verandaen i tidleg morgonsol og fuglekvitter gjev ein
god start på dagen og hygge ved peisen ei fin avslutning før ein sovnar så godt
til "songen" frå Juvselva.

Kjøkkenet har moderne utstyr som komfyr, kjøleskåp, oppvaskmaskin, microbølgeovn, kaffitraktar,
vaffeljarn
og støvsugar, men
er innreia i småkoseleg, bonderomantisk stil.

Stova har nye furumøblar i tradisjonell, vestnorsk stil, laga av ein
lokal
snikkarverkstad. Vedpeisen i hjørnet varmar både etter
ein lang
solskinsdag og på regntunge dagar.
 |
|


Soverom med himmelseng, dusj og toalettrom i hovedetasjen. Soverom med 2 (1,80
m), evt. 3 enkeltsengar i 2. etasje.
Veranda i fine omgjevnader. Utemøblar og grill.
Vaskemaskin til leige (pris pr. vask) i kjellaren på hovedhuset.
Der er også fryseboks tilgjengeleg.

Juv er flott utgangspunkt for oppleving av natur og kultur;
fiske og båttur på fjorden omkransa av elvefall og grøn vestlandsnatur, fottur
til Juvstøylen 450 m.o.h. med gammalt sel og svimlande utsyn og gardsvandring
med fyr på grua i eldhuset er å anbefale under opphaldet i Stabburet på Juv.
Les meir under menypunkt Aktivitetar. Unn
deg ein personleg bygdevert i feien og få den heilt spesielle opplevelsen!
Bading i fjøra ved naustet eller ca. 1 km til strand med fin småstein.
Sopp og bær kan plukkast i skogen.
Eit par syklar av eldre modell kan også nyttast "på eige ansvar".
Gode muligheter for fjellturar, fiske i ferskvatn, brevandring, rafting, riding,
sykling, kunst- og kulturopplevingar m.m. i regionen, sjå menypunkt
Reisemål.
Bratt gardsveg til tunet. Parkering 30 m frå hytta eller ved hovedveg 80 m.

Ved fjorden ligg plastbåt med mogelegheit for leige av 4 hk eller
9,9 hk påhengsmotor.

Sengetøy kan leigast.
Sluttreingjering kan avtalast.
Sjå også omtale av Gamlestova.
Huset vert leigd ut gjennom
DanCenter - nr. 18664.
Program
|