Juvsel





Juvsel 2003

Kor gammal du er veit ingen.
Men at du er fleire hundre år er sikkert.
Du vart lafta på fjell
utan golv
med ljore og kun ein glugge
i veggen.
Utsel hadde du ikkje.

Mang ein eigar, budeie og friar
har du hyst
- det ser vi av skrifta som prydar deg
som historiske smykker.
INSD og NISD er førebokstavar
på namn
frå gardssoga i Ålandsboka.

Alle har vi vorte glade i deg;
dei flotte svaberga
du kviler på,
den kvite elva
som er kjelda di
og den vakre utsikta
du har til blikk.

Men ei tid gløymde vi deg
- maken din fjøsen hadde inger kyr å gi ly meir
og ramla saman
Du og tok til å bli gammal og mett av dagar
Likevel var du verdifull for jegerane som kom til deg,
fyrte opp
og du varma dei i kalde haustkveldar.

Sommaren 2002 gav vi deg nye "føter"
å stå på.
Og ein vinterdag i 2003 kom di nye "drakt"
med snøscooter.
I sommar har vi skifta både "hatt og frakk".
Du Juvsel har blitt ein ungdom igjen!

Vi håpar at også nye slekter vert like
glad i deg
og tek godt vare
på deg
og området
som omkransar deg.
 


 



Der det er hjarterom er det husrom!