Reisemål i verdsklasse

Nordjordmenyen
- fjord, bre og hav

Frå Juv kan ein nå reisemål i verdsklassen;
ein time med bil til Briksdalsbreen, to timar til Geiranger eller tre timar til Vestkapp.


Vakre fjordbygder


Bygdene Tistam og Utvik er perler ved fjorden med små butikkar og koseleg busetnad.  Hit kan ein gå eller sykle på lite traffikert
bygdeveg.

Utvikfjellet har fint turterreng både sommar og vinter.




Juv takkar Ordførar i fagre Stryn kommune Nils Petter Støyva,
for lov til å bruke det flotte haustbildet han har teke frå Nordsida
over fjorden mot Utvik!






Det gode liv i Nordfjord

Nordfjord har fleire kommunesenter, kvart med sitt kjenneteikn:

På Sandane kan ein besøkje Nordfjord folkemuseum, Stryn er turiststaden med yrande uteliv, Nordfjordeid har gate med særprega trehusmiljø og Måløy er kystbyen vår.
I Selje kommune ligg Vestkapp, klosterøya Selja og Galleriet ved Storhavet.  Geitholmen der Vikane har fiskestove ligg utanfor den moderne handelsstaden Kalvåg i Bremanger.


Panoramavegen

Ein kan også oppleve spennande, norsk bygdekultur ved å ta båt frå Juv til andre sida av fjorden og utforske miljøet ved Bergset- og Sølvbergsnausta. 





Med bil kan ein køyre Panoramavegen og gå Kulturløypa på Ulvedal og stoppe på eksotiske Hopland der ein kan gå bak Tvinnefossen.
Det er ny veg til Hennebygda og Eid med mogelegheit for retur langs europas djupanste innsjø Hornindalsvatnet. 
Kansje får ein eit glimt av sjøormen som bur der ...



Gloppeneventyret

Tilbod innan natur og friluftsliv m.a. riding og ferskvatnsfiske. 
Dei mange linkane viser mogelegheit for ulike aktivitetar t.d. å ri på fjordhest eller prøve å fiske i ferskvatn og elv!



Strynefjellet, Strynevatnet og Strynebygda

- noko av det vakraste naturen Norge kan by på!



Her kan du besøke Jostedalsbreen Nasjonalparksenter, smake tradisjonsbakst på Matstova, køyre Gamle Strynefjellsvegen og gå til fots på nydeleg sti til fjellgarden Segestad.



Geiranger - vilt og vakkert




Frå Juv når du reisemål i verdsklassse - som fjellgardane i Geirangerfjorden der dei kongelege reiser for å feire sine store merkedagar.




 





nordfjord.no






Ask og Embla













visitnorway.com

fjordnorge.no







Heksemonumentet








geiranger.no






Lodalen
- dramatisk og vakker