Berre ein augneblink

av Rigmor Navekvien


Augneblinken er så kort,
likevel kan den delast med andre
utan å bli mindre av det. -



Den er som ein fugl på flukt,
som eit vindpust,
eit glimt av lys -

Livet er samansett av augneblinkar,
innhaldsrike signal
- med eller utan ord.


 







               20. mai 2007
              
 





Ta vare på augneblinken,
smilet du fekk -
augo du møtte -
handtrykket -
samkjensla -
Fang inn alt dette med eit ope sinn.



Når dagen din er vond og vanskeleg
med mørke skuggar, - tårer -
greiner som brest,
skal du vete at i neste augneblink
fins det kanskje håp. -