Rakel
Eit intervju med eit eldre menneske
om hans/hennar oppvekst og ungdom

Med penn og papir i handa opna eg døra til ”rommet ’na Besta”
– Rakel Berge f. Bruland.
Døra knirka, men ho merka ikkje at det kom nokon inn, for bestemor er tunghøyrd,
og når ho ikkje har høyreapparatet på så er ho så godt som døv.
Eg vart ståande å sjå på henne der ho sat i den store stolen sin; rund og
triveleg med kvitt hår som var samla i ein skrull i nakken. Brillene hadde sege
litt ned på nasa, og som alltid sat ho med broderiet på fanget.
Eg sette meg ned på stolen ved sida av ho og gav ho ein goding. -
”I dag kjem eg for å intervjue deg, Besta, ” sa eg. Men det høyrde ho
tydelegvis ikkje, for i dag som elles var det første ho sa: - ”Nei, er du koma,
og så kjekt at du vil lydast om ein gammal stakkar. No må du skunde deg å hente
”øyra” mine så vi kan slå av ein prat.” Ho meinte høyreapparatet, og då ho
hadde fått det på seg gjentok eg spørsmålet mitt.
Rakel likar å fortelje, men eg måtte gje henne litt tid til å
tenkje seg om, og medan vil eg nytte høvet til å fortelje litt om bestemor:
Ho såg for første gong dagsens lys på garden Bruland i Utvik ein
aprildag i 1886. Den gongen heitte ho Bruland til etternamn, men ho gifta seg
Berge og flytta til garden Berge der ho sette fire barn til verda. Seinare
kjøpte dei garden Djuv, og Besta skifta heim endå ein gong, og det er her oppe på
rommet hennar vi set no.

Brulandstunet i Utvik før utskiftninga
- ”No er eg gammal og grå, men eg tenkjer ofte tilbake på dei 91
farne år,” byrjar Rakel Berge. - ”Eg voks opp i heller tronge kår, men det var
ikkje så mykje for nokon i den tid. Vi var fire sysken, to gutar og to jenter.
Helga var den eldste og eg den yngste. Stova vi budde i var lita med torvtak og
ljøre. Her hadde eg gogna mi, og eg sat og vov kvar vinter medan
eg var på Bruland”.
 |
Anne f.
Hage (f. 1844) og Rasmus Bruland (f. 1844) med borna f.v. Rakel, Helga, Johan og
Rasmus
|
Det var ikkje råd å få
kjøpe ferdige klede då bestemor var ung, så ho måtte tidleg lære seg både å
spinne og veve. Ho fortalde at ho ein gong skulle veve ein vadmelsvev på 60
alker, og mor hennar skulle sjå til at ho gjorde det skikkeleg. Dersom ho ikkje
sette rett avstad bommen, fekk ho eit slag på nevane så dei svei. - ”Eg kunne
klare å veve ein alen på ein time, men då måtte veven gå godt. Og at mor var
sint på meg av og til, ja, det brydde eg meg ikkje noko om. Derimot far hadde
eg stor respekt for, og eg våga aldri gjere han imot”, seier Rakel.
Far hennar brukte også stova som arbeidshus om vinteren, for det var
varmt og godt å sitje inne og arbeide. Han laga tynner, og når han prylte på
jarnbanda, kunne ein kjenne kor stova skolv. Når Besta skulle spinne, måtte ho
først sope bort spønene som far hennar hadde smia ut over golvet slik at trøda
og rokken fekk arbeide.
- ”Kva var det første du hugsar frå du var barn?”
Rakel tenkjer seg om ei stund. ”Det er ikkje så godt å seie, men eg var ikkje
gamle jenta då eg fekk vere med far ned i kjellaren og hente juleølet. Far
letta opp ei luke i stovegolvet, og eg fekk gå ved sida av han ned trappa og
lyse for han med ei spik”.
Det var mange hus på ein gard før i tida. Stabburet på Bruland var
raudmåla med kvite hjørnebord. Oppe på lemmen hadde dei flesk, kjøt og pølser,
og nede stod mjøl og flatbrød. Det var dette dei avla av garden, og bestemor
måtte vere med å hjelpe til når dei baka og slakta. Om sommaren var det å bake
så mykje flatbrød og lefser at dei hadde heile året. Det kunne vere mellom 50
og 60 sneis, og det var 20 leivar i kvar sneis.
- ”Kva anna arbeid måtte du hjelpe til med?”
- ”Far var ein ivrig fiskar, og kvar vinter sette han line. Så snart eg var så
stor at eg kunne gjere litt nytte for meg, måtte eg stå opp klokka 4 om morgonen
for å hjelpe til å dra lina. Når lina var så full av fisk at eg såg den flotna
opp langt bortover fjorden, var det moro. Ein gong fekk vi eit beist av ei
hå-kjerring, og ho var så stor at at vi fekk ho ikkje opp i båten, men måtte
slepe ho etter båten til lands. Men det var ikkje alltid berre moro heller.
Det hende at vi rodde oss bort i mørke-skodda, og då gret eg og ynskte meg heim
i senga til mor”.
Bestemor låg i fjøsen i åtte vintrar, for det var ikkje plass til
alle i den vesle stova. På fjøs-lemmen var det godt og varmt, og det
første ho hugsa var at Helga bar henne på ryggen ned i fjøsen når ho skulle
legge seg om kvelda. Helga låg også i fjøsen, og dei kunne sitje med
handarbeidet sitt langt utover kveldane. Det einaste lyset dei hadde var ei
parafin-lampe som stod på ei kasse. Etter ei tid forlanga far hennar
utskiftning, og han bygde opp ein ny heim. Då vart det slutt på å liggje i
fjøsen. Helga hadde ansvar for fjøsstellet heilt til ho gifta seg, og då
overtok bestemor dette arbeidet.
- ”Kan du ikkje fortelje litt om kva du gjorde i fjøsen?”
- ”Det var som vanleg å mjølke og gje buskapen mat. Men kvar laurdagskveld
vaska eg fjøsglasa, melkeknakkane og byttene, for alt skulle vere reint til
helga. Vi hadde ikkje drikkekar i fjøsane som dei har no, og kvar morgon og
kveld måtte eg brynne dyra. Om kvelden måtte eg fylle nokre store tynner med
vatn, slik at eg hadde til neste morgon. Vatnet måtte eg bere frå bekken, og om
vinteren når det var kaldt, var eg heilt blåfrosen på hendene når eg var
ferdig. Då var det godt å kome inn i fjøsen og koste kyrne etterpå, for då vart
eg varm med ein gong, og eg song alltid ein liten stubb.” Og brått som det var
tok Besta til å syngje:
”Å sørg ikkje kua mi for vinterens dager,
vår Herre han sender nok våren tilbake.
Ja, lunt er det alltid i fjølset om kvelden,
og den som er trett sover godt under fellen.
Og lykkelig er den som ein buskap får eige,
og får eg ikkje gard vil eg vere budeie.”
- ”Så kosta eg kyrne, og tenkte i mitt stille sinn at den guten som ikkje ville
treffe meg i fjøsdøra, skulle heller ikkje få treffe meg i kyrkjedøra.” Besta
ler godt for seg sjølv, og etter ein pause seier ho: ”Jau, guten eg likte kom
han, og han hadde både kyr og gard, men dette må du ikkje finne på å skrive!”
Her er
Peder Berge
frå plassen Berge i Utvik
som Besta gifta seg med.

Per som han vart kalla arbeidde som smed.
|
 |
Det var vanleg i den tid at gutane gjekk på friarføter til jentene når dei låg i
fjøsen.
- ”Det var mange morosame episodar i Brulandsfjøsen då eg var ung,” seier Rakel,
og eg kan lese av andletet hennar at ho ikkje er så lite kry over å ha vore så
omsverma. – ”Eg hugsar spesielt ein gong det var ein som trakka gjennom eit
rote golvbord og hamna bak ”kyraræva” nede i fjøsen. Men han såg eg aldri att i
”Bakkafjøsen”, skunda ho seg å leggje til.
Bestemor reiser seg, og i så godt humør har eg ikkje sett henne
på lenge. Det er reint som det lyser av augo hennar, og ein kan ikkje tru ho er
ein dag over 70. ”No må vi ha oss litt snop,” seier ho og kjem tilbake med ein
twistpose.
- ”Det skulle ha vore kjekt å få høyre korleis de hadde det på
skulen i gamle dagar, og kor gammal du var då du byrja på skulen?”
-
”Eg var sju år, men då kunne eg alt både skrive og rekne. Eg hadde lært det av
Helga, og eg skreiv brev for far til slektningane våre i Amerika. For dette
kunne eg få 10 eller 20 øre.
Då eg kom på skulen, tok læraren stilboka mi og gjekk bort på den sida av
klasserommet der gutane sat og synte bror mi boka mi. Vi skreiv med penn og
blekk, og det var ikkje mange blekkflekkar i den boka. Når vi rekna, skreiv vi
med griffel på kvar vår lita tavle. Elles måtte vi lære leksa ordrett, og vi
måtte reise oss og seie opp leksa vår”.
Det var friminutt mellom kvar time, og midt på dagen var det matpause. Elevane
hadde med seg graut eller klubb i spann som stod på ovnen i klasserommet for å
halde seg varm. Bestemor og læraren hadde akkurat like spann, og for å skilje
dei frå kvarandre hadde dei sin faste plass. Ein dag hadde nokre gutfantar bytt
om spanna, og læraren var byrja ete på grauten til bestemor før han oppdaga det
var feil spann. Han vart ikkje sint, men så heilt blid var han heller ikkje.
Bjørkeriset hang ved sida av døra, men bestemor såg aldri at han brukte det på
nokon.
Far til bestemor kunne
ikkje å skrive, men han las aviser. Dersom ho heldt handa hans, klarte han å
skrive namnet sitt men ikkje noko meir. Rasmus Bruland, som han heitte, var ein
streng mann, og når søndag kom fekk ikkje Besta gå ut før ho hadde lese
evangeliet. Ho og broren måtte lese kvar sitt stykke, og det var om å gjere å
finne ut om evangeliet var langt. Dersom isen låg fin og blank på fjorden, var
det å skunde seg ned på isen så fort som mogeleg for å renne seg. Då turen kom
at bestemor skulle lese, tok ho to blad om gongen, og sidan det ikkje vart
merka, vart dette gjort ofte.
- ”Kva gjorde du om
sommaren då, Besta?”
-
”Då var det visst meir enn nok å gjere. Eg var ikkje meir enn 14 år då eg byrja
gå til støyls.”
- ”Korleis likte du det arbeidet?”
- ”Det var ofte travelt når eg måtte gå langt for å finne kyrne om kvelden, men
eg hadde lært å arbeide utan å klage. Om morgonen stod eg opp og mjølka kyrne,
og så gjekk eg heim med mjølka. Klarte eg å kome heim før klokka 08.00 gjekk eg
å bada. Resten av dagen hjelpte eg til med å hesje heime, og i 5-tida om
kvelden var eg klar til å gå på støylen att.
Bestemor har lete att augo og sit og
tenkjer. Litt etter ser ho på meg og seier: - ”Eg kan enno hugse kvar sving i støylsvegen, og eg har eit stort ynskje, at eg kunne få kome på Brulands-støylen
att. Diverre har eg vorte så stor og tung at det ikkje er så langt eg klarer å
gå, men eg har no vore sprek ein gong eg og.”
Det var to hendingar bestemor hugsa
svært godt frå tida på støylen:
Ein uværskveld måtte ho gå over ei elv
for å hente kyrne, og då ho kom tilbake med buskapen, hadde elva vorte så stor
at ho heldt på å bli teken av straumen. Ho fekk så vidt tak i rumpa på ei kyr,
og ved å halde seg i den kom ho seg velberga over på den andre sida. Og ho
fortalde at så redd har ho ikkje vore i sitt liv.
Den andre episoden hende ein kveld på støylen. Kvar helg kom gutane på besøk,
og ei stund var det så populært at gutane slo vatn på jentene så dei vart våte
til skinnet. Denne kvelden hadde jentene planlagt å ta hemn, og Besta hadde
teke med seg rikeleg vatn inn i selet. Men vatnet tok fort slutt, og då gutane
såg det, kom dei inn for å ta henne. Då vart ho så sint at ho tok ei bytte
skjør (surmjølk) og slo over den første og den beste ho såg. Surmjølka var så
tjukk at fyren såg ikkje døra, men dunka hovudet i dørkarmen. Seinare kom det
fram at han hadde gått med ein stor kul i mange dagar, og ”vass-krigen” vart det
fort slutt på.
- ”Kva gjorde ungdomane på
i fritida i Utvik?”
”Vi var ein samansveisa flokk som fann på mykje moro. På kalde vinterkveldar
var vi ute og rende på kjelke. Gutane kjøpte tebrødstenger for 5 øre stykket og
spanderte på oss jentene, og så rende vi oss til vi var både våte og trøytte.
 |
Ungdomsbiletet av Rakel
viser ei stasleg dame.
|
Kvar søndagskveld hadde vi ungdomsmøter og ein gong i året var det jentene og
gutane sin kveld. Dei første åra eg var med i ungdomslaget hadde vi ikkje
ungdomshus. Då dansa vi ute, eller gutane gjekk rundt i bygda og tinga
dansestove på dei ymse gardane. Spelemannen vår fekk 25 øre av kvar gut for å
spele, medan jentene gjekk fritt. Og dansa gjorde vi, kan du tru. Ofte la eg
med ikkje før eg gjekk i fjøsen søndags morgonen, og så måtte eg gå til kyrkje
før eg fekk legge meg til å sove. Etter ei tid fekk vi eige ungdomshus, men
mange av dei eldre var imot dette. Ja, eg kan endå hugse ein prolog som vart
lesen då denne striden heldt på:
Dertil vi alle higer at eie
eget hus
ei som de
eldre siger blir brukt til sus og dus
Mange eldre støtter dog vår arbeide her
til dem vi da
vil knytte, vår takk til dem frembær.
Bestemor kunne fortelje at den mest
morosame festen var den årlege korgefesten. Det gjekk ut på at jentene skulle
lage i stande ei korg med mat, og så vart korga auksjonert bort. Den guten som
baud høgast for ei korg, skulle ete saman med jenta som hadde gjort i stand
maten.
Av og til skipa ungdomen til
programkveldar, og bestemor var med på dei fleste skodespela, og det er både
sant og visst at skodespelartalentet har ho enno.
- ”Ja, ungdomstida gjekk så altfor fort, men eg kan sjå tilbake på den i dag med
glede, sjølv om det ofte var mykje å gjere.
Ungdomstida mi varte no lenger enn for
dei fleste for eg var godt over 30 år før eg gifta meg, men eg trur ikkje eg
forsømde noko for det.
 |
Bestemor og broren Johan feira dobbelbryllaup.
Rakel Rasmusdatter Bruland og Peder Johan Anderson Berge
gifta seg i 1918. |
Og tilslutt eit lite orde til deg,
Rønnaug, og legg det deg på minne: Gift deg ikkje før du har funne den rette,
sjølv om han let vente på seg!”
Ta godt vare på dette
intervjuet, Rønnaug. Det vil du få stor glede av om nokre år. Du har teikna
eit fint og kjærleg bilete av bestemor di. Du har vore flink til å skildre
intervjusituasjonen slik at det blir samspel mellom slik ho er no og det ho
var. Dette var godt skrive, skikkeleg og grundig gjort. Den æra fortente ho.
Du må helse henne frå meg og seie at eg likte samtala.
Firda Gymnas 1977
|