Mons
Mons gjekk bort i 1956. Han vart
88 år gammal.

På gravsteinen står det storslagne ordet "Fred".
Kista vart sett i Gamlestovekjellaren og hunden Topsy låg ved kista i fleire
dagar utan vått eller tørt.
Hunden låg alltid ved fotenden i senga med Mons; ”No, Toppen, no må vi gå og legge
oss.” Og når Mons slo kandisukker slik at bitane spratt utover golvet, fekk
Topsy slikke godbitane.
Det er ikkje mange som kunne gjere livsverket til Mons om att. Han hadde
vore ute for mange episodar, og fortalde levande historiene om att og om att
slik at dei har levd vidare og vorte henta fram av andre.
Det er fortalt om Mons i eit bryllaup på Egge, at han stod midt i gjesteflokken
og underheldt heile bryllapuslaget med opplevingane sine.
Han tapte aldri livsgleda og livsmotet sjøv om han og kona Rakel misste alle 4
borna sine.
Mons hadde utrulege krefter.
Paul Svarstad skriv i boka Innvik s. 177: ”Mons
var ein brand og ein eitel til allslags arbeid. Dertil var han ein hardhaus som
aldri brukte underklær korkje sommar eller vinter, same kva ver som var.”
Mons var fødd på husmannsplassen
Djuvsøyna.
Faren Lars Hopland f. 1819 d. 1915 kom frå Henrikbruket i Hoplandstunet på
Hopland (gnr. 1). Mora heitte Christianne Antonsdatter Tvinnereim, f. 1825 på
Tvinnereim d. 1889.
Den vakre, blå kista hennar datert 1826 er i enno i
slekta.
Dei gifta seg i 1849 og bygsla plassen i 1850.
Framme frå venstre:
Lars Djuv, Mons Djuv og Rakel Djuv med yngste dottera Olga.
Bak frå venstre:
Mons si syster kalla Margrete, eldste dottera Kristina og Rakel si
syster Eili.

Stova deira i Djuvsøyna vart flytt til Rusti og nytta som stabbur, deretter til
hovudbruket som arbeidshus.
Jølster Bilelag som såg over huset i 2002, meinte
stova måtte vere svært gammal - frå tidleg 1700 eller seint 1600.
Dette kan
tyde på at den har vore flytta til Djuvsøyna.
Mons var med som bygningsmann og murar og var mellom anna med å sette opp lade
på Sølvberg. Etter ein lang arbeidsdag rodde han tilbake til Djuv for å slå og
rodde over att grytidleg neste morgon. Då tok han med seg 2 store ”alsheller”,
la hendene bak på ryggen og bar dei opp det bratte Sølvberget.
Systera Margrete (Anna Margrete) tente på Henrikbruket på Hopland alle sine dager, systera
Gjertrud tente 17 år på Frøyset før ho gifte seg til Berge i Utvik, broren
Daniel drog til Amerika og systera Kristina veit vi enno lite om.
Mons kjøpte Rusti av Frøyset og bygde
opp eit tun der før han kjøpte hovudbruket Djuv.
Då Mons budde nede på Neset som smågut hadde han eit ynskje og det var å få ete
seg stappande mett på potetkaker.
Mons og gutane til Kolbein Teigen på
hovudbruket likte seg når dei hadde vaska golvet i nystova på Djuv og det fraus
is på golvet slik at dei kunne bruke det til skøytebane.
Far, Arne Berge, og vår gode nabo
Sigvald Lee i Djuvsvika minnast ein del historier som Mons henta fram, igjen og
igjen.
Mons skulle ein gong ha med seg ein stutekalv frå Hopland tilbake til Djuv i
båten. Det bles godt denne dagen, og Mons ville gjerne ha opp seglet slik at
han kom seg raskare fram. Men båten la seg frå side til side i vinden og stuten
følgde med slik at overvekta vart så stor at det var fare for at båten ville ta
inn vatn. Mons såg ikkje anna råd enn å snøre fast stuten og kome seg fortast
råd over fjorden og innunder land på andre sida. Men då var eg mødde, sa Mons.
Ein annan gong han rodde frå Hopland
kom ein kval nokså nær oppunder båten. Mons rodde for livet over i
Molderheimsneset og kom seg i land med børsa. Kvalen kom etter, men snudde då
han nærma seg land så Mons fekk ikkje skyte kvalen.
Ei av dei mest omtala historiene om
Mons er den gongen folk rodde forbi Djuv og såg seksringen flytte seg oppover
marka. Mons skulle tjærebre båten. Han snudde den i støda ved naustet, kraup
så under og bar båten på ryggen inn i Hagen.
Ein gong Mons skulle til Utvik å handle
vart han var ei kveite nær land utanfor Huspasætet. Han hoppa ut av båten, tok begge
hendene under fisken og heiv den opp i fjøra. Det var ei stor kveite. Lauris
Frøyset kom roande forbi og var vitne til at Mons stod der silande våt med
fangsten.
Før Mons var gift skulle han til Utvik
og hente Rakel som tente på Berge. Han hadde alltid børsa med, og midt inne i
stranda såg han ein orre som sat i ei furu. Han tok festra til båten i eine
handa og børsa i hi og hoppa i land på eit svaberg. Men det var is på svadet,
og Mons gleid i sjøen og vart gjennomvåt til beltestaden. Dette var på kaldaste
vinteren, men Mons skaut orren og rodde i Vikja. Rakel hadde ikkje fri før om
kvelden, og Mons gjekk på jakt heile dagen og heldt varmen. Dei rodde tilbake
til Djuv, men då han skulle gå opp at i tunet var buksa så stivfrosen som eit
ovnsrør at han var mødd å kome seg til tuns.
Sigvald karakteriserer Mons som
spedvaksen og middels høg, men på bileta ser han kraftig ut. Han hadde spesielt
godt humør, var flik å fortelje og var humoristisk. Han kunne vere vere både
ein ”spilloppmakar” og gjere fantestykker. Eit par historier bekreftar dette:
Mons skulle til Molderheim på jakt.
Denne dagen var karane på garden i marka og tok ut heller. Mons kom fram på ein
hammar og såg karane sat på hylla under og tok ei kvild. Mons bykste då bort i toppen på ei
bjørk, skrya fælt og landa på ryggen nede ved karane.
Det var no stygt og sa Mons, eg kunne landa på ein stein.
Ein annan gong var han med og bygde
lade på Tistam. Ein frå Hopland var også med på arbeidet. Han hadde lagt seg i
løa for å kvile. Mons gjekk opp på andre-hjellen og kasta småting ned på han så
han ikkje fekk fred, ja, han slo til og med vatn på han.
Mons var i millitæret på Voss. Utanfor
spisebrakka låg ein stor stein som soldatane prøvde seg på å løfte, men få
klarte det. Mons prøvde seg og løfta steinen ein gong han var der åleine.
Dette hadde ei av kokkene sett. Ein gong soldatane igjen stod og skulle vise
kva dei dugde til, peika kokka på Mons og sa at han småen der klarte det, og
Mons måtte vise kva han var god for. Og det var visst berre ein til som løfta
steinen.
Mons skulle vere med Elias Molderheim i
skogen ein dag. Det var den gong vanleg at arbeiskarane fekk mat. Han gjekk
heimanfrå før det var lyst, men rakk likevel ikkje fram før dei andre var
ferdige å ete og det var teke av bordet. Mons var ikkje god til å spørje om
mat. Han arbeidde i skogen utan mat til det
mørkna. Den gongen var det ikkje vanleg at dei hadde mat med seg i skogen – dei
åt dugeleg morgon og kveld.
Ein anna gong han arbeidde i skogen ved
Molderheim hadde han nettopp vore på ei bataljonsamling og fått med seg noko
salt brød tilbake som dei kalla ”komis”. Dette hadde han ete før han for, og ut
på dagen vart han svært tørst. Det var tørt i marka, og einaste vasskjelda låg
noko borte frå der han arbeidde. Mons måtte drikke rett som det var, og dette
vart eit heft. Han fann då ut han fekk drikke seg meir enn utyrst slik at han
hadde eit lager i skrotten. Dette gjorde han til gangs så han svima av då han
reiste seg frå kjelda.
Marte Frøyset fortalde at ho hadde bede
Mons inn på klubb ein gong han var på veg heim. Han hadde sett til livs 9
klubbar, og det var ikkje av dei minste heller.
Mons hadde ikkje hest, for hest det var
han sjølv. Ein vinter hogg han ved for sal som han hadde fått kjøpt rimeleg ved
Bormenausane på Tistam. Botel-Bent stod nede ved sjøen og kløyvde ved då Mons
kom roande og skulle i skogen. Han sa at Mons kunne overta vedkløyvinga så
lenge så skulle han hente ein hest som Mons kunne bruke i skogen, men Mons lest
ikkje høyre, tok toget på skuldra og gjekk. Denne dagen tok han 9 droger/vender frå
skogavakset og ned til berget. Han sette seg på droga og styrte, og song så
heile Tistam høyrde det. Og Bent hadde sagt i ettertid at hesten ikkje hadde
klart halvparten.
Mons gjekk mykje på jakt. Han støypte
kulene sjølv. Han hadde gått på jakt ein heil dag og bomma så på ein orrhane.
Dette tykte han var for gale for kula kosta 2 øre. Han jakta også på mår fordi
det var bra pris på skinna. Mons hadde skote ein kobbe og bad Rakel om å bruke
kobbespekket i klubben, men sjølv om Mons åt alt, klarte han likevel ikkje å ete
dette.
Mons var kjend for å vere ein livsglad
kar, snartenkt og aldri rådalaus. Han hadde nokre høge lærstøvlar som han tykte
var stive og vonde, og dette ville han gjere noko med. Han søkte støvlane ned
på sjøbotnen for å få dei mjuke, men etter dette vart dei ikkje brukande meir;
vatnet rann både inn og ut som ein sil, sa Mons.
Denne episoden hende då Mons var
eldre. Han hadde henta posten på Tistam og skulle opp til Frøyset eit ærend.
Posten hadde han sett i været i bakstomnen. Medan han var borte hadde sjøen
fløtt opp og båten låg med framstomnen under bryggja og bakstomnen i været. Då
Mons kom attende hoppa han ned i båten slik at den kvalde. Lynkjapt beit Mons i
posten og symde til lands. Posten var like tørr, men Mons stod der som ein våt
hund - det var også vitner til dette.
Første året far var på Djuv, etter
julemiddagen, gjekk Mons ut i kammerset og henta juleevangeliet og las høgt og
sette seg til å synge alle dei gamle songane. Han var svært flink å syngje.
Kona til Mons, Rakel Egge, var også eit arbeidsjarn som tok del i arbeidet saman
med Mons. Ho bar mellom anna alle takpannene til løa i kipe på ryggen frå støda
og til tuns. Livet vart tilslutt for stritt for henne. Det er fortalt at ho
fekk kle på seg om morgonen og gjekk ut på marka og reiv mose som ho la i dungar
utover marka. Ei tid låg ho heile natta og nuppa i dyna slik at Mons ikkje fekk
sove. Dei to førstefødde, begge gutar, døydde som spedbarn, døtrene Olga og Kristina dø
unge av tuberkulose. Paul Svarstad skriv i Innvik-boka at jentene lånte bøker
av ein lærar på Kristisonen som hadde hatt tæring og vart smitta. Kristina
gjekk over breane berrføtt til sin tilkomne, Gulbrand Aske i Gloppen, ho skulle
spare skorne sine, men vart sjuk og døydde. Det er også fortalt om Kristina at
ho balanserte på mønet då dei bygde lada. Kristina og Guldbrand fekk ei
dotter som dei kalla Olga. Ho dø også som barn.
17. mai 2007 fann eg gravsteinen til Olga på kyrkjegarden på
Vereide i Gloppen. Eg fann også gravsteinen til Olga og Gulbrand.

Guldbrand gifte seg
om att med Olga Fjellkårstad, og første barnet, ei jente, fekk namnet Kristina.
Dei hadde to tenarar på Djuv. Drengen
var bror til Rakel som heitte Ingvald og terna heitte Johanne Leirgulen.
Ingvald trudde han skulle ta over Djuv, men besten Per (Peder) Berge flytte frå
Berge til Juv like før krigen for å ta over garden. Besta Rakel Berge f.
Bruland flytte etter då Gjertrud hadde gått bort (1944).
Ingvald ville ikkje flytte, og Mons
visste ikkje anna råd enn å hente Albert og Sigvald i Djuvsvika til gards. Så
gav han Ingvald oppgjør med vitna tilstades og sa at han ikkje hadde bruk for
leigehjelpa meir. Far kunne fortelje at Mons og Ingvald stod i kvar sitt hus og
arbeidde og skjentes så dei høyrde det ned i Djuvsvika.
På husmannsplassen i Djuvsvika budde ei
tid ei kone med 3 små born og gamle foreldre. Mannen hadde utvandra til
Amerika. Dei tok fram at på Djuv budde ein god mann som heitte Mons som fiska
til dei og kom med julefisk kvar jul.
Far og Mons arbeidde i lag vintrane i
arbeidshuset, og far sit att med mange gode minne frå denne tida i lag med
Mons.
Mons og Erke-Jakob, Jakob Tisthamar,
heldt mykje ilag, og dei sat ofte på kjøkkenet. Då Kolbjørn Sundal var liten sende dei
vogna med barnet mellom seg; ”no skal vi ro”, og så song dei, togg tobakk og
prata.
”Støyven” i Utvik hadde lurt på om
historiene om Mons var sanne og spurde eingong Sigvald om dette. Sigvald kunne
då seie ”med handa på hjartet” at Mons var sannferdig i all si ferd og at han
fortalde akkurat det same kvar gong!
28.12.2002 - Rønnaug Leite f. Berge, Juv
Kjelder: Sigvald Lee, 87 år, 2002 og
Arne Berge, 74 år, 2002
|