Juvstøylen

Ca. 450 m over havet, ved den "kvite" elva Sandåna, ligg Juvstøylen. Mykje tyder på at Juvselet er over 250 år gammalt. 
Støylen er truleg mykje eldre.

Støylsvegen er svært bratt og ei spennande styrkeprøve. 
Like nedanfor støylen ser ein rett ned på husa som ligg ved fjorden.
Den flotte utsikta frå Hammaren er løn for strev!






Velkomen til støyls!

På selveggen heng Vikane Idrettslag sin Turpost med
bok der alle turgåarar skriv dato for besøk og namn.




Flott overblikk over Nordfjorden og dei mange turistbåtane.
 



Juvsel "på nye føter og med ny hatt og frakk".





Selet var bygd direkte på svaberget utan golv. 
Det var ljøre i taket og berre ein liten glugge i veggen. 
Utselet er bygd til i seinare tid.

Støylsfaste helsar velkomen inn!





Støylkaffi og god niste smakar på støylen.
Og restane av fjøsen fungerer som utekjøkken.



Eit frikst bad i elva kan anbefalast!




Soloppgang og solnedgang på Hammaren
er ei spesiell oppleving - eit Soria Moria.


 






























Idylliske Sandåna