Jaktinfo

Utvik Tistam Hjortevald

grensar til Gloppen i sør og vest og fjorden og Heggdal i nord og aust.  Området er på 37600 da med fellingsløyve på 240 dyr i
bestandsplanperioden 2004 - 2007.

Føremålet er å forvalte hjortestammen i området på best muleg måte slik at både skogsinteressene og hjortebestanden vert teken vare på.  Jakta og jaktinteressene skal takast vare på, og utførast på ein slik måte at det vert til mest muleg hygge, glede og rekreasjon for alle partar.


Frøyset jaktområde

er eit jaktområde på 5650 da med god hjortemark i skogen.  Innslaget av lauvskog er stort.  Dyrka mark er derimot lite.  På Frøyset er hjorten svært uforstyrra i dei bratte liene, og skogen her har sikkert stor betydning som dagleie.  Her er og skote ein del hjort på innmark.  Jaktområdet er tildelt fellingsløyve på 10
dyr pr. år slik at når 8 dyr er skotne kan ein søkje hjortevaldet
om ekstra løyve.

Juv disponerer 2 (3) av desse ut frå eit areal på 1876 da og kunne i 2003 skyte eit fjorddyr, ein kalv og eit fritt dyr.  Kvoten vart teken dei to første dagane det vart jakta i byrjinga av oktober.
I 2004 starta vi jakta med 2 frie dyr og ein kalv vart felt.
Ein reinkalv og to koller vart resultatet av jakta i 2005.

Meir faktainformasjon og kart over området er tilgjengeleg.

Ta kontakt gjerne kontakt for meir informasjon på tlf. 57 86 32 68 (kveld) eller 911 91 575.


 



Framleis er Sogn og Fjordane landets største hjortefylke, målt både i fellingsløyve og talet på felte dyr, syner tal frå Statistisk sentralbyrå
(Firda 26.02.2004).

Om lag ein tredel av alle felte hjortar vart skotne i Sogn og Fjordane. Det var gitt løyve til å felle 11600 dyr, og 8600 vart skotne i løpet av jakta.
Til samanlikning vart det i
Møre og Romsdal felt 7000 dyr, og i Hordaland vart
det felt 5000.