Inga
Etterkomarar etter
Anne Gabrielsdatter Fosheim
Nils Olson Fosheim
Slektstreff på Karistova 12. sept. 1998
Først vil eg seie takk til Anne og Nelly Anne for
at dei tok
initiativet og fekk istand dette slektstemnet. Det er utruleg kjekt at so
mange ville kome for å bli kjende med kvarandre og sjå kvar foreldre og
besteforeldre har levd og streva, det er store forandringar på 60 - 70 år!
Denne samlinga skulle vi hatt for nokre år sidan; då hadde vi hatt dei som kunne
fortelje og hugsa mykje betre enn eg - Olina, Olav, Milda og Jon. Vi
tenkjer på dei i dag og minnest alle gode stundene vi hadde i lag. Georg
og Herdis hadde ikkje høve til å kome, men dei er her nok i tankane, og vi
tenkjer på dei og.
No har vi vore inn i Myklebustdalen og sett kvar
forfedrane kom ifrå. Eg har tenkt å fortelje litt om gamle dagar, tilbake
til mine besteforeldre og det eg hugsar er fortalt:
På Fossheim var 7 gardar der alle husa var samla i eit stort tun. Kvar
gard hadde 6 - 7 hus så det var ein liten landsby, og husa stod tett i tett.
Tunet låg på ein liten bakke eller høgd slik at dei hadde godt utsikt til alle
kantar. Det var røvarar som herja i den tid og, og rovdyr. Bestemor
fortalde mykje om kor bjørnen herja. Dei måtte gjete buskapen, og det var
det ofte ungane som måtte gjere. Så hadde dei ein jordlapp her og der til
korn og poteter, og slåtten var både i fjell og fjøre. Men så fann dei ut
at dette ikkje var det beste i lengda. Kanskje var det generasjonsskifte,
kanskje var det brannfaren - tenk på alle tømmerhusa tett i tett. Det vart
då utskiftning og kvar fekk ein eigen gard.
Dette var då besteforeldrene mine var unge. Dei var alle 4 frå Fossheim.
Bestemødrene mine var systre og var frå Nedigardsbruket. Mari flytte til
Gabriel i Omendetunet (dei var foreldra til mor) og Olina flytte til Ola i
Monstunet (dei var foreldra til far). Mor og far var såleis syskenborn.
Far (Nils) var berre 13 - 14 år då far hans (Ola) døde. Det var på den tid
dei skulle flytte og byggje hus. Dei måtte i skogen og hogge tømmer og
køyre på Saga. Det er fortalt at bestemor (Olina) arbeidde i skogen som
ein kar. Då var det øks og sag, hest og slede. Eg kan sjå bestemor
føre meg med sid svart vadmelstakk, ei tjukk trøye og plagg knytt under haka der
ho kom køyrande med tømmmerlass i snøføyka, og far berre gutungen sat bakpå -
det var trøft.
Far hadde 3 systre. Bertina gifta seg til Gjendedalen i Hyen, Jennyfaste
kjende de til og Ingeborg døde 16 - 17 år gammal.
Dei hadde sikkert ein hard oppvekst.
Då far kom til skjels år og alder gjekk han til Omendetunet og fria til mor
(Anne). Det var ikkje rart for ho var ei stasleg dame.
Mor hadde mange søsken. Første kona til bestefar (Gabriel) dø tidleg.
Ho var frå Støyva. Dei hadde 4 - 5 born. 2 døde i spanskesykja, ein
datt utfor eit fjell og slo seg i hel og ei for til Amerika.
Så gifte bestefar seg opp att med bestemor (Mari) og dei fekk 5 born:
Nils, Ragnvald, Brita, Bertina og Anne (det var mor).
Mor flytta då til Monstunet og gifte seg med far (Nils). Det var
storbryllaup i den tid. Eg har sett bryllapsgrupppa og der var mykje folk.
Bryllaupet varte i tre dagar - det var vanleg - og det var sikkert mykje moro og
ein ferie i alt arbeid og slit.
Og arbeid hadde dei. Far dreiv nydyrking heile sitt liv. Det var
mykje stein i Monsbakkane, og vi måtte vere med og plukke stein så snart vi
lærde å gå. Mor måtte ta seg av alt i hus og fjøs. Borna kom tett:
Olina, Olav, Milda, Georg, Jenny og eg vart ein attpåklatt og skikkeleg
bortskjemd, sa dei.
Vi måtte lære vere med på alt arbeid. Om vinteren var det å spinne og
veve. Vi måtte stelle dyra og lære å mjølke. Vi jentene byrja gå til
støls (sætra) når vi var ein 8 - 10 år. Det gjekk ein time å gå - kvar
kveld - om morgonen stod vi opp i 5-tida, mjølka og vi hadde ofte ein 10 - 15
liter å bære heim.
Men det var mykje moro på stølen. Om laurdagskvelden kom ungdomen til
fjells og det var dans og leik til den lyse morgonen - dei som var trøytte sovna
borte i lyngtuene.
Maten var store treaskar med rømmekolle, spekekjøt og flatbrød, og så steikte vi
sveler. Det var ei fin tid.
Etter kvart som dei eldste vart konfirmert måtte
dei ut og tene.
Eg hugsa Olina og Milda var heime i korte feriar og kanskje julekvelden, og det
var stor stas når dei kom heim.
Julekvelden var noko heilt spesielt. Alt skulle vere vaska og reint.
Middag var i vanleg tid kl. 12.00 med ribbe. Om kvelden var det
rømmegraut. Far las då juleevangeliet.
Vottar, sokkar og kle var vanlege julegåver. Juletreeet var gran pynta med
lengde lys sett fast med klyper, papirkorger og nokre kuler. Men det eg
hugsa best var at far opna den godt gjenspikra eplekassa med gravenstein som
kvart år kom frå Didrik "i garden" som budde i Innvik. Den stod lagra i
kjellaren og far opna den før han gjekk i fjøsen julekvelden.
Juledag køyrde vi med hest og sluffe til kyrkja på Reed. Det var eit langt
følgje. Og lyden av dombjøllene der vi sat nedpakka i åkle er
uforgløymeleg.
Olina lærde seg til meierske og hamna på ysteriet i Bøverdalen, og Milda følgde
etter. Milda gifte seg med han Jon Repp, og dei fekk 4 gutar. Gunnar
var første barnebarnet til mor og far, og det var stas som no. Dei ville
reise til Bøverdalen i barnedåp, og eg skulle få vere med - eg var 9 - 10 år.
Men det eg vil fortelje var reisemåten i den tid. Framvoer hugsa eg ikkje,
det var vel rutebuss, men heimturen hugsa eg veldig godt. Frå Skjåk følgde
vi ein open lastebil, lasta med material. Vi sat på toppen fram med
styrehuset og heldt oss fast. Det var gamle Strynefjellsvegen og det var
nifst ned svingane. I Stryn gjekk vi om bord i rutebåten, Den gjekk
til Loen, Olden, Blakset og Innvik så det var seine kvelden då vi kom til Utvik.
Så gjekk vi over Utvikfjellet den gamle postvegen og var heim om morgonen.
Trur de vi var trøytte? Dette er berre 55 år sidan!
Olina gifte seg med Mattias, han var maskinist på ysteriet, dei fekk 2 gutar og
dei kjøpte seg gard i Sundalen på Sunnmøre.
Georg var dreng på gard i Stryn og Hennebygda og han måtte hjelpe til heime når
det trongs. Han gjekk snikkarskulen og reiste til Molde der han byrja på
ein trevarefabrikk. Der traff han Herdis, dei gifta seg og fekk to gutar.
Eg og Jenny var nær knytte til kvarandre. Vi var dei yngste av syskena -
det var 8 års forskjell. Då Jenny var 17 - 18 år (dette var under krigen)
kom ein kar frå Bergen, Arne. Han måtte visst ryme frå tyskarane og kom
som dreng til einaste nasisten i Myklebustdalen. Han lika visst godt
Jenny, det vart bryllapup og eg tykte det var verdas undergang då Jenny reiste -
eg fekk ein grammafon i byte. Dei kjøpte seg gard i Fiskåbygda og fekk 6
jenter.
Eg og Olav var heime. Far var mykje sjuk og mor var heller ikkje sterk
lenger. Så døde mor plutseleg. Olina og Mattias kom heim og pakta
garden. Olav fekk arbeid i Betongmast og reiste austover. Der fann
han Thea, dei gifte seg og overtok garden på Fossheim der dei fekk ei jente og
ein gut.
Eg tok ei runde ut i verda, men det var noko som drog tilbake.
Eg kjende Arne frå før så vi gifta oss og eg flytta til Tistam
- vi har to jenter.
No har eg teke ei runde til farne tider, og eg vil slutte av med dette verset:
"La oss ikkje fordedrane gløymna
under alt som me vende og snu
for dei gav oss ein arv til å gøyma
han er større enn nokon vil tru."
12.9.1998
Inga Berge f. Fossheim
|