
Hornelen

"Geitholmsvalsen"
Ved kyndelsmess tid,
dreg vi båten or naustet,
så lett over sjøsleipe lunnane gli.
Det luktar så godt ut av tjøre og tang,
og karane friskt stemmer i,
og karane friskt stemmer i.
Ref.:
No ror vi til Brømångs igjen,
til torsken og seiden min venn,
og silda som blenkjer i hav,
og silda som blenkjer i hav.
Når vinden er god,
då heiser vi seglet,
Hu hei! Kor det susar og sjogar og går.
Ein Nordfjordbygd båt
kløyver båra så trygt,
nei likare båt du ei får,
nei likare båt du ei får!
I snøkav og blest,
ja, då rodde dei fiskje,
I Geitholmen lo dei når lukka stod bi,
i Geitholmen svor dei når havet var svart.
Heng i karar, ro og ta i,
heng i karar, to og ta i!
Vi minnast dei no,
Abraham, Ola og Rasmus.
Tre "Trestjernesmenn" med respekt og humør.
I Utvikestova dei kjende seg fri,
På Kalvåg dei sette kulør,
på Kalvåg dei sette kulør.

GEITHOLMSLAGET
Målsetjinga vart nådd i 1999:
"Å gjenreise ei ny
Utvikestove på Geitholmen".
|