Nordfjordsongen
av Amund Mork 1931


 
Du Nordfjord min fagre og fjellsterke heim
du fylgde meg ut i den framande sveim.
Eg ser dine kollar og nutar og tindar,
dei skogkledde åsar og grasgrøne rindar.

Nei, aldri eg gløymer den glitrande fjord
som sølvblank der inn gjennom fjellheimen fór.
Så storfeldt og stilt han om strendene skvalar
og møtes med elvar frå fjell og frå dalar.

Og tunet den heime eg ser det så klårt,
og stova og hagen og alt som er vårt.
Det leikar i hugen når ute eg vankar,
og tidt ber det heimatt med hug og med tankar.

Me tidt gjekk på støylen og fekk oss ein graut.
Og høyrde på kulokk og lurlåt og raut.
Og sela var fulle av gjenter og gutar,
i fjellvotna spegla seg blåblanke nutar.

Eg minnest han far med dei manande ord
og mor, ho som gret då frå heimen eg fór.
Dei gav meg det beste av alt det dei visste.
Gud hjelpe og styrke dei alt til det siste.

Gud signe då Nordfjord frå brede til hav,
og takk for slik fager ein heim du oss gav.
La lukka då fylgje kvar mann og kvar kvinne.
La hugnad i heimen kvar nordfjording finne.