Gardshistorie

Juv ligg særdeles vakkert til i "hjartet" av Nordfjord med utsikt
over Nordfjorden og dei omliggjande bygder.




Garden har namnet etter det store juvet som går frå garden og
heilt til fjells.

Ålandsboka seier følgjande:
" må første mann, Bård Arneson, ha levd og vore eigar av Juv ikring 1200. Dette ættetalet er eit av dei eldste ein kjenner frå Nordfjord."

Garden har tidlegare hatt fleire tun/husmannsplassar;
Gamletunet, Juvsøyna og Rusti.

Gnr. 161/1 (Juv) og 162/7 (Rusti) i Stryn kommune
har tilsaman eit areal på over 2300 mål og ein omkrets på over 7000 m.

Eigedomen ligg 6 km frå Utvik mot Tistam. Gardstunet ligg høgt og fritt.  Bygningane på bruket er gamle og bygd i eit sirkelforma gardstun: Våningshus, driftsbygning, gamlestove (feriehus), stabbur (feriehus), kombinert eldhus og kvernhus, arbeidshus, naust ved sjøen, gardfjøs og sætrehus frå ca. 1750 på Juvstøylen, dessutan grindløe i Rusti.

Det er fortalt at frå gammal tid åtte "Jussmannen" mellom dei to elvane Sandåna i aust og Juvselva i vest, frå fjord til høgfjell.
Området vest for Juvselva der hovedtunet i dag ligg, var ei dåpsgåve frå brukaren på Frøyset.

Det lever mange segner om Mons som var fødd på husmannsplassen i Juvsøyna, men som først bygsla/kjøpte Rusti av Frøyset og bygde seg heim der før han overtok hovedbruket Juv, sjå brukarlista under.
 

Følgjande har vore eigarar/brukarar iflg. Ålandsboka:

Ca. 1200
Bård Arneson

Son til Bård (ikkje namngjeven)

Bård (far til Harald)

1331 (diplom)
Harald Baardsson


Garden låg truleg øyde ein periode


1602
Laurits "Ødegårdsmand"

1618- 1631
Steffen Sivertson og kona Gunhild som vart enkje


2 bruk

1627
Johannes Jørgenson (d. 1654) og kona Kirstin
1665
Enkja Kirstin


1632 - 1635
Enkja Gunhild og Eirik


1660
Jørgen Johannesson vart brukar av heile garden


1673
Jakob
Henrik Wessel i Bergen åtte då garden


1702
Rasmus Rasmusson Rand (Utigard) og kona Synnøve

Ca. 1740
Peder Andersson brukar

1745
Rasmus Rasmusson (d. 1764) og kona Steinvor Eriksdatter Moldrheim. Skøyte til svigerfaren Eirik Moldrheim i 1752.

1764
Peder Anderson Moldrheim, bror til Eirik Moldrheim, var gift 3 gonger; Kari Andersdatter Hilde, Kirsti Olsdatter Tvinnereim
og Kari Jonsdatter Tisthamar

1781
Rasmus Rasmusson Djuv og kona Gullborg Jørgensdatter

1802
Arne Jensson (svigerson) og kona Johanne Rasmusdatter Djuv

1804
Nils Ivarson Tisthamar og kona enka Johanne Rasmusdatter Djuv.
Han kom truleg frå br. 2 Botolvbruket.

1843
Ivar Nilsson og kona Magnild Rasmusdatter Hilde

1866
Nils Ivarson og kona Kristi Arnesdatter Frøyset selde garden og reiste til Amerika

1893
Kolbein Olson Teigen og kona Anne Larsdatter Bergset frå Nordsida selde bruket i 1911 og reiste til Vestfold der dei kjøpte garden Holm.  Borna Olav, Inga, Lars Bertha, Oleanna, Karen, Johan, Margit var alle fødde på Djuv.

1912
Jørgen Torson Valaker frå Utvik kjøpte garden.  Han tok frå ein skogteig med noko innmark attåt (b.nr. 2 Bjørkelid) og selde hovedbruket til husmannsonen Mons Larsen Djuv som då bygsla Rusti av Frøyset.

Mons Larson Djuv og kona Rakel Egge hadde 4 born.  To gutar
dø som spedbarn, og dei to jentene Olga og Kristina dø i vaksen alder. Kristina gifta seg med Guldbrand Aske frå Fjellbygda i Gloppen.

1946
Peder Johan Andersson Berge (systerson til Mons) og kona Rakel Rasmusdatter f. Bruland flytta i vaksen alder frå heimen på Berge til Juv og dreiv garden.

1956
Arne Pederson Berge og kona Inga Fossheim frå Myklebustadalen
i Breim tok over.

1996
Rønnaug Arnedatter Berge Leite, busett i Kjølsdalen.

2002 - 2006
Buplikt etter 50 % regelverk.

2005 - 2008
Jordskiftesak om Juvstøylen og rettar i utmark.
22. mai 2008 vart Gulating lagmannsrett sett i Gamlestova
på Juv.


Tom Jarle Fjeldsbø sin 50 årsdag 26. juli 2009
- Arne Berge 81 år, Inga Berge 75 år, Paul-Rune Leite 56 år,
Anny Berge 44 år og Rønnaug Berge Leite 48 år

2008
4 hjuls traktor og ny bru over Juvselva.

2009
Nytt bringebærfelt.

2010
Familien rydda skog og kulturlandskap i Rusti til meg i 50 års gåve.

2011
Ny steintrapp i tunet.

2012
Nytt låvegolv og bordkledning vestvegg.
Og vi flytta skykkjemuren ein halv meter for breiare passasje.

2013
To-etasjes siloar med dør, låveport og nye gamledo ferdig.
Kjøl- og fryserom i sauefjøsen, varmt og kaldt vatn og utskiftning av installasjon.

20. juli 2013 feira vi
mor sin 80 års dag
far sin 85 års dag
deira diamantbryllaup (60 år)
Paul-Rune sin 60 års dag
og at garden har vore 100 år i slekta (sidan 1912)

Bautastein til minne om Juv 2013 og Dipl. Norv. 6.2.1331 sett opp i Gamletunet og storgjestebod 20. juli med slekt og gode grannar.
 




O. Rygh
"Norske Gaardnavne"



" ... at Gjuv (og Juv) er identisk med Gjuv (udt. Juv) n., drivende Vandst¿v, fygende Damp som fra et Vandfald (Ross), som
er beslægtet med gjuva og guva, at fyge, ryge ...


Ved Gjuv i Indviken gaar der
et dybt Gjuv ned over Fjeldsiden
nær Gaarden, som i DN. VIII 113 siges at ligge millim Sand aar ok Giuf aar."






Diplomatarium
Norvegium
(volumes I-XXI)

6. febr. 1331

Olaf Thorgrimsøn kundgjør,
at Harald Baardsøn efter at have ført Vidnesbyrd for at have stevnet Arnstein paa
Tisthamer, Abbeden af
Munkelivs Ombudsmand, der
ikke mødte, fremførte to
Mænd, der bevidnede, at indre og ytre Gjuf (Utviken)
mellom Sandaa og Gjufaa var Haralds rette odel.



Allum monnum þeim sem þetta bref sia eða h/oe/yra. sendir
Olafuer Þorgrims son q. g. ok sina. ek vil yðer kunnikt gera. at a miduiku daghenn nesta eftir kyndils messo kom Haralder Bardar son firir mik ok lett bera stefnu vittni sin at hann hafðe stæmft Anzsteini a Tistamrum vmboðes manne abotans at Munklifui. en Anzstein kom ekki
j stefnu daghenn. eftir þatt leett Haralder bera onnur vitni ok toko þeir so til bokar. Jon Arna son. ok Jon Eilifs son ok suoro att fullan bokar eið. at inra Giuf ok ytra millim Sand aar ok Giuf aar til eignar ok oðals atte Barðer Arna son ok son hans eftir hann ok Barðer faðer
Haralz ok Haralder aa ef hann skall vrenter vera. hia verande
sira Siugurði leighu preste j /Oe/yghi ok Steinfinni /Oe/ysteins syni ok morghum
oðrum goðom monnum. ok til sanz vitnisburðar settu þeir sin inscigli meðer minu inscigli firir þ[ett]a bref er gort var a fyr
nemfdom deghi a .xii. are rikis virðulegs herra M[agnus]ar Noregs Syia ok
Gota kungs.





"Setestedet som Teistene tok navn etter var Tistam i Utvik i Nordfjord.  Det er også skrevet Tystammer, Thistehammer og Tistamrum.

Var det en nordfjording som
gjenooppdaget Amerika?


Av Svein Grodys