Kjære gjest!

   Velkomen i Gamlestova
   på Juv


   Juv i hjartet av Nordjord
  
   Juv med utsyn over
   fjorden

   Juv ved elva og fjellet

   Juv med stillheit og ro.


   Gamlestova er "røter"

   Gamlestova er lyset

   Gamlestova er kjærleik

   Gamlestova er fred.


   Vi håpar at du vil
   trivast her!  


   -Rønnaug-

 

Gamlestova

Frå Gamlestova har ein særdeles vakker utsikt  over  landskapet som speglar seg i Nordfjorden.




Den perfekte stad for å hente nye krefter til ein krevjande kvardag!


Her kan ein oppleve kjensle av "sakte tid" - fullstendig ro og fred, samstundes som ein kan ta dagsturar til turmål i verdsklasse som Norges vestlegaste punkt Vestkapp, den berømte Geirangerfjorden, den vakre Briksdalsbreen med "trollskyss" og brevandring, Panoramavegen med Kulturløypa på Ulvedal på andre sida av fjorden,  Jostedalsbreen Nasjonalparksenter, Stryn Sommarskisenter, Den gamle Strynefjellsvegen, Bresenteret i Fjærland og Jugendbyen Ålesund.

Juv er ein svært gammal gard med busetnad tilbake til år 1200.
På fine sommardagar står sola opp i aust kl. 05.00 og går ned i vest kl. 22.00. Sol og regn, elvesus og iskaldt, friskt vatn frå Juvselva, fuglesong og årstider med kvar sitt særpreg - alt har sin sjarm!


Gamlestova er eit eldre, norsk tradisjonsbygg med stort kjøkken  og luftig sperrestove.  Peisovn og bonderomantisk møblering dannar ei spesiell atmosfære rundt feriedagane.




"Koven" eller kjøkkenet er stort og moderne utstyrt med komfyr, kjøl- og fryseskap, oppvaskmaskin, microbølgeovn, kaffitraktar
og støvsugar.

TV med DVD-spelar og radio i opphaldsrommet.




Frå den vakre himmelsenga ser ein både stjernehimmelen gjennom takvindauget og eit flott 180 graders fjordblikk gjennom dei fire stovevindauga.  På fine sommardagar får ein oppleve å bli helsa grytidleg god morgon til ein ny dag av sola som står opp!





"Kovelemmen" er er ein liten, men koseleg soveplasss med fire sengar.  Her viser nostalgiske spor etter dei opprinnelege, umåla tømmerveggane i huset.

Dusj og toalett i gangen i hovedetasjen. Utemøblar og grill.


Fruktblomstringa i mai mot blå fjord og kvit snø på fjelltoppane er ei vakker oppleving, dei lyse sommarnettene i juni og juli, frukt og bær frå august og dei gylne haustfargane og jakt om hausten.



Fiske og båtturar på fjorden omkransa av elvefall og grøn vestlandsnatur, fottur til Juvstøylen 450 m.o.h. med gammalt sel og svimlande utsyn og gardsvandring med fyr på grua i eldhuset er å anbefale under opphaldet i Gamlestova på Juv.  Les meir
under menypunkt aktivitetar. Unn deg ein personleg bygdevert
i ferien og få den heilt spesielle opplevelsen!


Båt ved fjorden og 4 hk eller 9,9 hk motor til leige.






Vaskemaskin til leige i kjellaren på hovedhuset.
Sengetøy kan leigast.
Sluttreingjering kan avtalast.

Bratt gardsveg til tunet, parkering ved huset
evt. ved hovedveg, ca. 100 m.


Sjå også omtale av gardshuset Stabburet.

Huset vert leigd ut gjennom DanCenter - nr. 18683.

Program



Eit annaleis og spennande møte-/selskapslokale!




 









 




"Gamlestovenissane"










"Kovelemmen"