Myklebustdalen i Breim



På andre sida av Sandalsvatnet reiser Vora seg 1435 meter over havet - eit fjell med gammal mystikk, som har vore landemerke langt utover i Nordfjord.














Tilbake til 1600-talet fortel rettsprotokollane om ei sak knytt til Vora som samlingsstad for trollfolk i møte med den vonde.
Denne historia fører oss inn i ei tid fyllt av tru på trolldom og mørke makter:


Ei tenestejente frå Stardalen kom til Kapperstad.  Der kom ho i kontakt med ei grannekone som vart rekna for å vere trollkone.
Ragnhild lokka tenestejenta med seg på Vora - dei reid på ein kvit kjepp med svart hesteman.  På fjellet møtte dei den vonde sjølv.  Han hadde svart prestekjole og gjennom skorne stakk klørne ut.
Namnet hennar vart ført inn i boka hans med hennar eige blod, og det var fest og dans.
Ragnhild vart dømt til døden for at ho fleire gonger hadde utøvd trolldom og vart brend på bålet som heks, og jenta vart så skremd at ho vart merkt for livet.


 


 





Fossheim







Breimsfisk






Mor




 

Beimssong
av Elias Skinlo

Kom lat oss syngja om heimbygda kjære,
unge og gamle og liten og stor.
I våre tankar ho alltid vil vere, her har dei streva han far og ho mor.
Her har dei rudt og bygt,
heimane står her trygt.
Fagraste heimstad for jente og gut.
Elvane susar
og fossane brusar.
Breden den blenkjer på høgaste nut.

Lunt millom fjella ligg bygda med grender,
gard etter gard nett som perler på snor.
Og kringom vatna ligg frodige strender,
inne i dalane grøda og gror.
Her er det plass for skog,
her er det mold for plog.
Her kan ein byggja og her kan ein bu.
Steinane skyta,
og røtene bryta,
tuene velte og vollane snu.

Her har dei bygd ifrå eldgamle dagar, ættene våre - år etter år.
Dyrka si jord som dei gildaste hagar sumrar og haustar,
vinter og vår.
Her var det vent og vidt,
her var det trygt og fritt.
Her var det bruk for ei god
arbeidshand.
Heimane byggja
og ættene tryggja,
vara og verna si bygd
og sitt land.

Vi liksom fedrene våre vil streva,
ærleg og trufast for folk og for heim.
Vi liksom dei vil for ættene leva, elska og vara vårt folk her i Breim.
Om vi så ute fer,
heimbygda er oss kjær.
Her har vi minne om far og om mor.
Heimbygda kjære
den vil alltid vere
gildaste staden på heile vår jord.