
I hjarte av
fjordlandet; fjord, bre og hav
Feriehus i vestnorsk bondestil med storslagen
utsikt over den vakre Nordfjorden, - omkransa av dei verdskjende reisemåla Geiranger,
Briksdalsbreen og Vestkapp.

Pusterom og sjelefred
Utsiktseigedomen Juv tilbyr moderne menneske
oppleving og kjensle av sakte tid. Her er fullstendig ro og fred.
Du kan
ta i bruk alle sju sansar og nyte dei ulike årstider frå fjord til
høgfjell.
Opplev fjorden i båt på eiga hand, gå til fots i skog og fjell og set deg ned
saman med vertskapet i eldhuset og nyt ein kopp nykokt kaffi og lyden av elden
som sprakar i grua - aktivitetar som gjev nye krefter i ein elles hektisk
kvardag.
Drøym behaglege draumar i himmelseng og la tidleg morgonsol,
elvesus
og fuglekvitter vekkje deg opp til ein ny dag med blanke ark og mange
muligheter.
Når gråværet kjem sigande, er det godt å kvile ut til den gode varmen
frå ovnen og lyden av vinden som ular og regnet som "bankar" på ruta.
Vi deler gjerne over 2000 mål av moder jord
og livsarven vår tilbake til 1200-talet med deg,
og helsar
velkomen
til hjartet av fjordlandet og møtet med fjord, bre og hav!
|